Will Richardson set i sin artikkel “Footprints on the digital age,” fokus på ein del av dei strategiske utfordringane som me står over for i den pedagogiske utviklinga av skulen idag. Han peikar på at me må finna ut korleis me skal hjelpa elevane til å skapa, navigera på og utvikla dei kraftfulle, individualiserte læringsnettverka som blomstrar opp på nettet, og hjelpa elevane til å makta bruka dette på ein effektiv, sikker og etisk god måte. Dette vil etter hans meining føra til at me i skulen vil makta skapa engasjerte elevar som er opptekne av læring, i standen for elevar som samlar og utviklar mykje faktakunnskap. Og skal me makta få til dette må me vurdera den rollen skulen har idag og den rollen lærarane skal ha i læringsprosessen.
I si vidare utgreiing viser han til John Seely Brown og hans postulat om å gå frå ei undervisning basert på ein “supply-push” model, der lærarane skaffar elevane kunnskap og pressar på for å overføra mest muleg av denne faktakunnskapen til elevane, til ein “demand-pull” modell som føreset at elevane tar ansvar for eigen læreprosess, og jobbar med læring basert på dei behov dei har i den aktuelle situasjonen, i ein sosial og læringsmessige global kontekst. Elevane må vera fleksible og mobile kunnskapssøkjarar , der det viktigaste ikkje er kor mykje dei kan hugse, men deira evne til å kopla seg til nettverk av folk og ressursar, og skapa innhald på sine eigne pc-ar. Han meiner og at lærarane må vera “medelevar” i denne læreprosessen og forstå dei praktisk pedagogiske implikasjonane av denne teknologien og dei sosiale online læringsplassene.
I artikkelen til John Seeely Brown og Richard P Adler; “Minds on fire. Open Education, the long tail, and learning 2.0.” er det nettopp desse læringsprinsippa som blir inngåande drøfta og utdjupa. Medan Richarson brukar 10 år gamle Laura og hennar blog som eksempel på dei mulegheitane som ligg i Web 2.0, gir Brown og Adler eksempel frå høgskular og universitet. Dei har og som utgangspunkt dei raske og store endringane me vil oppleva i det 21. århundret når det gjeld det å kontinuerleg skaffa oss ny kunnskap og ny ferdigheit, for å takla den raske teknologiske utviklinga. Dei meiner dei metodane som idag er dei mest brukte i undervisning og læringsprosessar ikkje vil være gode nok til å førebu studentar på det livet dei vil måtta leva i det 21. århundredet. Dei fokuserar og på sosial læring, ettersom dei meiner framtidige elevar må vera i stand til å samarbeida og gå inn i ulike relasjonar med andre, ofte ukjente personar frå framande kulturar i nettbaserte læringsfellesskap.
Deling er den fundamentale byggesteinen for å etablera samanhengar og nettverk. Me treng å skapa praksisfellesskap med deling og refleksjon over praksis slik at erfaring blir samla, kritisk gjennomgått, systematisert, kommentert og prøvd ut i nye kontekstar. Slik kan me læra om det å læra, slik at lærarar og elevar lærer av og med kvarandre i eit positivt samspel. Dette er ein ressurskrevande metode, men internet har etter kvart utvikla ei meng ressursar som kan understøtta ein slik læringsmetode. Denne ressursen er nok imidlertid større for engelskspråklege elevar enn den er for norske elevar, noko me skal komma attende til.
Richardson peiker vidare i sin artikkel på dei digitale spor som me etterlet oss på weben og kva ein kan finna om kvar enkelt i framtida om nokon vil Gogle oss, t.d. i samband med eit jobbintervju. Han er derfor sterkt oppteken av at skulen må læra elevane å bruka nettet på ein etisk forsvarleg måte. Nettetikk må derfor ha prioritet i skulen. Me må læra elevane til å bli dyktige brukarar av nettet sine on-line læringsressursar.
Richardson avsluttar sin artikkel med å slå fast at føresetnaden for å få dette til er at lærarane må ha eigarskap til desse nye Web 2.0 teknologiane og vera i stand til å bruka desse læringsarenaene som Web 2.0 skapar.
Og akkurat her ligg ein av dei største utfordringane våre. For det er få lærarar som i alle fall på min skule pr. dato har nok kompetanse og innsikt i bruk av ulike redskap innanfor Web 2.0., til å kunna bruka dette på ein pedagogisk skikkeleg måte, og som ein integrert del av sin pedagogiske praksis.
Me hadde nettopp eit kurs for norsklærar og andre språklærarar om pedagogisk bruk av ulike nettjenester i Web 2.0. Opplegget var bra og lærarane var svært fornøyde. Nokre var til og med entusiastiske til å komma igong med å prøva ut dei mulegheitane som ligg her. Men me har mykje arbeid fraføre oss for å gjera alle desse språklærarane fortrulege med og kompetente i bruk av desse Web 2.0. verktøya. Så her kreves det målretta pedagogisk utviklingsarbeid og utvikling av pedagogisk kompetanse.
Sjølve den pedagogiske metoden er og ei utfordring. Å gå frå den trandisjonelle lærarstyrte formidlingspedagogikken basert på “supply-push” metodikk, til ein meir eksperimenterande, Web 2.0. basert “demand-pull” metodikk, der ansvar for eiga læring står sentralt, krev både pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseutvikling.
På høgskular og universitet er dette med å få studentane til å jobba etter prinsippet med ansvar for eiga læring ikkje noko stort problem, men i den vidargåande skulen er ikkje dette like enkelt i forhold til dei ulike elevgruppene me har. Me er i hovedtrekk ein yrkesfagleg skule, og har store elevgrupper som både fagleg og i forhold til motivasjon har problem med å ta ansvar for eiga læring på heilt fritt grunnlag. Skal ein lukkast må ei derfor ha god struktur og ein klar strategi for korleis ein kan leggja til rette for å oppnå slik læring hos elevane.
Eit av dei redskapa som me nå sjøl brukar, bloggen, blir av enkelte lærar prøvd ut i læringsarbeidet. Dei let elevane skriva oppgaver, der lærar og medelevar kommenterar både det som er skrive og omkring skrive- og læringsprosessen. Gjennom denne metodikken kan dei får elevane til å bli mer oppmerksomme på eigne læringsstrategiar, læringsstilar og gi tilbakemelding til læraren om dette. Enkelte lærar har og på denne måten skaffa seg viktig innsikt i korleis eigen undervisning fungerar overfor elevane
Dei elevane og faktisk og lærarane som er dyktige i engelsk, har ein stor fordel framfor andre. For det er utvikla mange engelskspråklege, gode læringsarenaer på internett. Norge er eit lite land, og me har førebels ikkje klart å utvikla så mange slike læringsarenaer her til lands. Me kan derfor oppleva at me får eit A-lag og eit B-lag blant norske elevar i forhold til å bruka Web 2.0. i samanheng med læring. Det blir derfor og viktig at me jobbar saman og har gode strategiar for å dela, både internt på skulane og mellom skulane. Best gjennom samarbeid burde derfor vera eit motto som me strebar mot framover. For skal me møta alle utfordringane, treng me å skapa ein skikkeleg delekultur både på nettet og ellers.